tirsdag 24. mai 2011

175 side av kjedsomheit


Dette er en bokmelding av boka "kaninbyen" som vi skrev på skolen for en stund siden. 

Boka ”Kaninbyen” er skrevi av Stavanger forfattaren Arild Rein.  Kaninbyen er ein roman som er den tredje boka i trilogien som består av ”Hundedagane”(1998), ”Grisekoret” (2001) og ”Kaninbyen” (2004). Romanen er gitt ut av forlaget Det Norske Samlaget. Boka er gitt ut som ein del av prosjektet ”hele byen leser”, i Stavanger. Boka er på om lag 175 sider, noko som blir 165 sider for mykje om den same mislykka stavanger mannen.

Boka handlar om tidligare politimann Jonny. Etter at han blei tiltalt for hallik verksemd flytta han inn i ei nedarva kolonihage hytte. Her lever han eit liv kor han tener pengar på småtjuverier, forsikringssvindel og sal av sjølvdyrka og stolen mat i form av ”gourmet” poteter på Gladmatfestivalen. Han møter Kim som er ei asiatisk jente som viser seg å vere involvert i omtrent like mykje kriminelt som Jonny.

Boka er underholdane i enkelte periodar. Men etter kvart blir bruket av ”faen” og andre banneord litt for mykje, og det heile detter saman i ei lita røre. ”Det er faen ikkje forsvarleg, og rett å sperra fyren inne som eit jævla dyr fordi ho ikkje lenger kan la han gå og svinsa rundt i huset om det ikkje er folk der. Det er faen ikkje rett.”(Rein. 2004. S 155.)
Dette er eit eksempel på kor mykkje banneord han brukar.
Noko som hjelper boka me å bli enda dårligare er måten han avsporar på, det skjer konstant at han kommer inn på tema som er heilt urelevante for hovudtemaet i boka. 
Forfattaren lykkas likevel med å vise ei anna side av Stavanger, enn det me er vant med frå før. Boka får frem korleis dei menneska som ikkje har det så godt, eller lett, har det i Stavanger.

Likevel blir boka veldig langtrukken ettersom det aldri kommer ein ordentleg spenningstopp der boka blir spennande og bygger seg langsamt ned mot ei ending.
Derimot kommer slutten alt  for brått. ”Eg lag ein omelett og hakka opp salaten og tomatane. Så skar eg opp baggeten og dekte bordet. Det var enno fire timar til flyet mitt gjekk.”(Rein.2004. S.175.)
Denne boka ville eg anbefalt til menneske som likar å lese einsidige og kjedelege bøker. Eg synast ikkje boka var noko bra eller underholdane.              
 

Litteraturliste :

Rein Aril. 2004. Kaninbyen. Det Norske Samlaget. Oslo.

Lunde Heidi Nordby. 2007. Slik skriver du bokanmeldelse. Lokalisert 21.02.11

Rein Aril. wikipedia. Lokalisert 21.02.10


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar